HeimOm oss → Kvalitetspolitikk

Kvalitetspolitikk

Opplæringskontoret i Austevoll skal være ein god arbeidsplass og ein god opplæringsinstitusjon. Me skal ha eit sikkert arbeidsmiljø og alt arbeid skal følgje etiske retningslinjer.

Opplæringskontoret i Austevoll administrerer opplæring fram til kompetansebevis, fagbrev, ferdigheitssertifikat og offiserssertifikat. Opplæringa skal dokumenterast med kompetansebevis, fagbrev, ferdigheitssertifikat eller offiserssertifikat.

Kvalitet skal prege arbeidet vårt og me skal drifte etter gjeldande regelverk og internasjonale konvensjonar og slik at alle kandidatane består sine fagprøver.

Dei tilsette skal motivere kandidatane til opplæring, være oppdaterte i faget og syte for at ny kunnskap vert spreidd til samarbeidspartnarane.

Når me ser noko vert feil skal me prøve det mot regelverket.